Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 12, 2009

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Karl Marx i 1861, i den tida han arbeidde men «Das Kapital»

Karl Marx (1818 - 1883), var ein tysk forfattar, intellektuell samfunnsgranskar, filosof og politisk økonom. Han blir rekna som den mest framståande tenkjaren i arbeidarrørsla og var saman med Friedrich Engels opphavsmannen til den økonomiske og revolusjonære teorien som vert kalla marxisme.

Sjølv om Marx var oppteken av ei rekkje spørgsmål, er han mest kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien og handsaminga av klassekampen. Marxismen ligg til grunn for mykje av den sosialistiske og kommunistiske tankegangen. Marx var ein skarp kritikar av den kapitalistiske samfunnsordninga på 1800-talet.

Medan han levde var han ikkje like kjent som i dag; mange av verka hans blei heller ikkje utgjevne under levetida hans. Men kort tid etter at han døydde byrja tankane hans å få stor innverknad på ei større breidd av arbeidarrørsla i mange land. Bokverket Das Kapital blir rekna som det viktigaste verket hans. Ei viss tolking av marxismen fekk stor innverknad på den politiske utviklinga, spesielt i Russland. Aust-Europa, Kina, arbeidarrørsla i den vestlege verda og delar av den tredje verda elles har òg late seg inspirera av det som blei oppfatta som marxisme. Les meir …