Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 16, 2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Jimi Hendrix

Jimi Hendrix (1942-1970) var ein amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar. Han vert ofte rekna som den største elektriske gitaristen i rockemusikkhistoria av andre musikarar og kommentatorar i bransjen, og som ein av dei viktigaste og mest innflytnadsrike musikarane i si tid, på tvers av ei rekkje sjangrar. Etter fyrst å ha slått gjennom i Europa, vart han kjend i USA i 1967, etter å ha opptredd på Monterey Pop Festival. Seinare stod han i spissen under den ikoniske Woodstockfestivalen i 1969 og Isle of Wight-festivalen i 1970.

Hendrix brukte ofte rå og forvridd forsterking, der både gitarforsterkinga og diskanten var høg, og han bidrog til utviklinga av den tidlegare uønskte akustiske tilbakekoplinga frå gitaren. Han var ein av musikarane som populariserte bruken av wah-wah-pedalen i vanleg rock, og han brukte han ofte for å gje soloane sine ei overdriven tonehøgd, spesielt med høge sløyfer og bruk av legato rundt ein pentatonisk skala. Som plateprodusent gjorde Hendrix også banebrytande arbeid ved å bruke platestudioet som eit tillegg til dei musikalske ideane sine. Han var ein av dei fyrste som eksperimenterte med effektar for stereofoni og faseforskyving (phasing) i rockeopptak. Les meir …