Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 32, 2013

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Spring til navigation Spring til søgning
Ivar Aasen er opphavsmannen til landsmålet, som med tida har utvikla seg til nynorsken av i dag.

Nynorsk er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av to offisielle målformer av norsk; den andre er bokmål. Nynorsk blir i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i Noreg. Skriftnormalen har to nivå: hovudformer som skal brukast i lærebøker og av det offentlege (læreboknormalen), og sideformer som er tillatne i elevarbeid og offisielt blir rekna som korrekte. Nynorske dialektar blir snakka over heile landet, men det er berre på Vestlandet utanom dei største byene og i dei austlandske fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.

Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og nynorske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av purisme i ordtilfanget med avgrensing mot ord av dansk og lågtysk opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.

Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde. Les meir …