Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 34, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Ku av same slaget som blei vist på plateomslaget til Atom Heart Mother.

Atom Heart Mother er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det kom ut på Harvest den 2. oktober 1970 i Storbritannia og på Capitol den 10. oktober 1970 i USA. Det vart innspelt i Abbey Road Studios i London i England, og var det første albumet deira som gjekk til topps i Storbritannia, medan det nådde 55. plassen i USA. Til slutt selde det til gullplate der. Ron Geesin, som alt hadde vore ei inspirasjonskjelde og samarbeidd med Roger Waters, medverka på tittelsporet og står oppført som komponist i lag med resten av bandet.

Tittelsporet til Atom Heart Mother oppstod frå ei rekkje instrumentalar som bandet hadde komponert under desse øvingane, mellom anna akkordprogresjonen til hovudtemaet, som gitaristen David Gilmour hadde kalla «Theme from an Imaginary Western». Plateomslaget vart designa av Hipgnosis, og syner ei holstein-frisisk ku som står i ei eng. Det var det første utan noko fotografi av bandet. Dette var ein trend dei fortsette med ut karrieren. Les meir …