Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 38, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Tenkt bilde av Hurrem Sultan

Hurrem Sultan (ca. 1502–1558), også kjend som Roxelana, var fyrstekona til den osmanske sultanen Suleiman den store. Ho blei ei av dei mektigaste kvinnene i osmansk historie, og var ein framståande og kontroversiell person i tida kjend som kvinnesultanatet.

Hurrem Sultan var fødd i Rutenia (då ein austleg del av Kongeriket Polen, no i Ukraina) som dotter av ein ortodoks prest. Ho blei teken til fange av krimtatarar under eit slaveraid og kom etterkvart til Istanbul, hovudstaden i Det osmanske riket. Ho blei del av haremet til sultanen, og steig gjennom gradene til å bli favoritten til sultan Suleiman. I eit brot med osmansk tradisjon gifta han seg med Hurrem, slik at ho fekk status som kona hans. Hurrem fekk etterkvart mykje makt og påverka politikken i det osmanske riket. Gjennom ektemannen fekk ho ei aktiv rolle i statsstyringa. Ho var truleg rådgjevar for sultanen, skreiv diplomatiske brev og støtta større offentlege byggeprosjekt. Les meir …