Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 41, 2009

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
[[Fil:|120x170px|link={{{3}}}|Roerich måla fleire bilde inspirert av gammal russisk kultur, som dette bildet av ei ungjente frå 1910.]]

Vårofferet (fransk Le Sacre du Printemps) er ein ballett med musikk skriven av den russiske komponisten Igor Stravinskij. Balletten var opphavlig koreografert av Vatslav Nizjinskij. Dei innovative og kompliserte rytmiske strukturane og klangane, gjer saman med den utstrakte bruken av dissonansar stykket til eit av dei viktigaste verka frå den klassiske musikken1900-talet.

Premieren fann stad i 1913 i Paris. Den intense rytmikken og det primitive scenarioet sjokkerte publikum, som var vane med den sømelige klassiske balletten. Den komplekse musikken og dei veldige dansetrinna som skulle førestilla fruktbarheitsritual, gjorde fyrst at publikum begynte å pipa og bua. Då fagottsoloen i opninga begynte og etter kvart blei harmonisert med nokre vage dissonansar, bua publikum høgt. Det var høgrøysta diskusjonar blant tilhengarane og motstandarane av verket, som raskt utvikla seg til roping og nevekamp. Vidare utvikla uroa blant publikum seg til eit reint oppstyr, og sjølv om politiet greip inn i pausen, klarte dei bare å få til nokolunde ro og orden. Kaos dominerte under resten av framføringa, og Stravinskij sjølv skal ha blitt så opprørt at han rømde gråtande frå salen før det var ferdig. Les meir …