Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 41, 2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Det Bergenske Dampskibsselskab sitt merke i tre

Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var eit norsk reiarlag som vart stifta i Bergen den 12. desember 1851. Føremålet var å drive rutetrafikk mellom Bergen og hansastaden Hamburg i Tyskland, og reiarlaget fekk sitt første skip DS «Bergen» året etter etableringa. Opp gjennom åra starta BDS fleire ruter til andre europeiske land, og seinare til Amerika og Afrika. BDS var òg i Hurtigruta frå 1894 til 1979.

I Bergen var BDS ein institusjon og hadde på det meste ein flåte på 40-50 skip, eige verkstad og slepebåtar, hotell og intendanturavdeling, slakteri og vaskeri, dampskipekspedisjon og reisebyrå, med dotterselskap og agentur over heile Europa. Det høgaste ein kunne nå i borgarskapen i Bergen var å bli direksjonsmedlem i Bergenske. I november 1984 vart Bergenske kjøpt opp av Sandefjordselskapet Kosmos AS og vidareselt til RoNoTro AS i desember 1988. BDS vart då delt opp, og verksemda vidareført av dei nye eigarane. Les meir …