Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 42, 2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Daudehavet

Daudehavet er ein salt innsjø som ligg i Jordandalen ved utlaupet av Jordanelva med om lag like store delar i Israel og Jordan. Daudehavet er kjent for sitt salthaldige vatn og som det lågaste naturlege overflatepunktet på jorda. Daudehavet er 306 meter djupt og den djupaste hypersalte innsjøen i verda. Med eit saltinnhald på 34,2 % (i 2011), er han òg ein av dei saltaste sjøane i verda. Han er 9,6 gonger saltare enn havet. Det høge saltinnhaldet gjer at det ikkje lever dyr i sjøen, og dette har gjeve opphavet til namnet. Daudehavet er 50 km lang og 15 km breitt på det breiaste. Overflata ligg i dag om lag 427 muh., mens den historiske normalen er 395 muh.

Daudehavet har tiltrekt seg turistar i tusenvis av år. Det var ein av dei første kurbadstadane, og fleire produkt er henta frå området, som salvar for egyptisk mumifisering til kalium for gjødsling. Folk har òg nytta salt og mineral frå Daudehavet til å lage kosmetikk og urteposar. Les meir …