Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 23, 2007

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Det portugisiske imperiet under João III

Det portugisiske imperiet var det første verdsomspennande imperiet i historia, og det eldste og mest langvarige av dei vest-europeiske kolonirikene. Imperiet varte frå 1415 til 1999. Det var tilknytinga til havet som gjorde at kongedømmet kunne erobre Ceuta i 1415 og utforske Atlanterhavet tidleg på 1400-talet. Henrik sjøfararen grunnla ein sjøfartsskule i Sagres, og dette fostra nyvinningar som karavellen i tillegg til at den portugisiske kartografien vart vidareutvikla. Hundre år seinare vart målet nådd om å finne ei sjørute til India, og Portugal byrja å ekspandere utover i verda. Dei berømte oppdagarane Bartolomeu Dias, Vasco da Gama og Magellan var portugisarar, sjølv om den sistnemnde seglde for den spanske krona, som var Portugal sin konkurrent innan sjøfart etter 1492.

Imperiet var avgrensa til ei samling av små men godt vakta utpostar langs kysten, på grunn av Portugal si tynne befolkning og litle omstrekning. Det oversjøiske portugisiske imperiet fekk ein endeleg slutt då Portugal overleverte Macau over til Kina i 1999, sjølv om Aust-Timor var eit de jure portugisisk territorium fram til det vart uavhengig i 2002. Imperiet har fått ein kulturell arvtakar gjennom Samveldet av portugisisktalande statar, CPLP. Les meir…