Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 43, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi

Menneskerettsfråsegna er ei fråsegn om menneskerettar vedteken av Dei sameinte nasjonane si tredje generalforsamling den 10. desember 1948. Fråsegna vart vedteken med 48 lands ja-stemmer. Ingen land stemte mot. 8 land avsto frå å stemme. Menneskerettsfråsegna inneheld 30 artiklar, den første lyder: «Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.»

Den første fråsegna om menneskerettar vart vedteken av den franske nasjonalforsamlinga i august 1789, etter den franske revolusjonen var begynt. Les meir …