Portal:Atletik/Månedens skandinaviske artikel/Maj 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi

Grete Waitz fødd Andersen 1. oktober 1953 - 19. april 2011 var ein norsk idrettsutøvar, særleg kjend som maratonløpar. Waitz har mange sportslege prestasjonar bak seg, m.a. fleire VM-gull og sølv frå Sommar-OL 1984. Grete Waitz vart ramma av kreft og levde med sjukdommen i seks år før ho døydde 19. april 2011 på Ullevål Sykehus med mannen ved sida si.

Biografi[rediger kildetekst]

Unge år[rediger kildetekst]

Grete Andersen vaks opp i Oslo. Ho var flink til å springa allereie som barn, men fekk ikkje vera med i den lokale Idrettsklubben Tjalve fordi klubben den gongen ikkje tok inn kvinner. Det gjorde derimot SK Vidar, som vart den fyrste idrettsklubben ho vart med i. Ho tok lærarutdanning, og jobba i mange år som lærar ved sida av sporten. I SK Vidar traff ho også trenaren Jack Waitz, som ho gifte seg med i 1975.

Den fyrste internasjonale meisterskapen ho deltok i var EM i 1971 i Helsinki. Neste år deltok ho under sommar-OL 1972 i München. Gjennombrotssesongen hennar vart 1974, då ho tok tredjeplassen på 1500 m i EM. I 1975 sette ho ny verdsrekord på 3000 m, og ho slo sin eigen rekord året etter. Waitz deltok også i Sommar-OL 1976 i Montreal. Ho tok ikkje medalje under 1500 m her, fordi ho, etter eiga utsegn "ikkje la seg nok frampå". Ho gjorde det svært skarpt i internasjonale tevlingar også dei siste åra på 70-talet.

Glanstid: Lengre distansar[rediger kildetekst]

Det var i langdistanseløp Grete Waitz hadde styrken sin. I 1979 deltok ho i sitt fyrste maratonløp, der ho straks hadde suksess. Frå 1978 til 1988 vann ho New York Marathon ni gonger, noko som gjorde at ho vart særleg kjend i USA. I sette ho ny verdsrekord i maraton tre gonger; sist gong under London Marathon i 1983. Sommar-OL 1984 i Los Angeles var verdsmeisterskap i maraton for kvinner ei offisiell OL-øving for fyrste gong. Waitz endte der på 2. plass og vann sylvmedalje for Noreg.

I Noreg var ho ein av pådrivarane bak Grete Waitz-løpet i 1984, eit stort mosjonsløp for kvinner. Arrangørane sleit med mykje alkoholbruk og festing blant deltakarane, og løpet vart omlagt på grunn av ei bussulukke eit år. Omlegginga skjedde i 2003, då løpet skifte namn til Vårspranget. Det vart arrangert sist i 2004.

Seinare år[rediger kildetekst]

Under Sommar-OL 1988 i Seoul var Grete Waitz flaggbærar for Noreg. Under dette OL måtte ho bryta maratonløpet sitt på grunn av ein kneoperasjon kort tid i førevegen.

1990 vart den siste sesongen hennar Grete som løpar på toppnivå. Det året vann ho mange ulike løp, m.a. maraton i London og Stockholm. Ifylgje bokmålswikipedia vann ho til saman 33 individuelle noregsmeisterskap på ulike distansar og tok 7 kongepokalar.

Dei siste åra av livet sitt budde Grete Waitz mykje i Florida. Ho skreiv også fleire bøker, m.a. var ho medforfattar av biografien World Class.

Læs hele artiklen
Artiklen oversat til dansk med