Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 1, 2014

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar på ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen. Skøyteløparane vil begge skli bakover når den eine skyver den andre.

Newtons rørslelover er tre fysiske lover som i lag legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Dei skildrar forholdet mellom ein lekam og kreftene som verkar på han, og rørsla desse kreftene skapar. Dei har vorte formulerte på mange måtar i løpet av dei nesten 300 åra sidan Isaac Newton først formulerte dei, og kan oppsummerast som følgjer:
1. Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.
2. Newtons andre lov: Akselerasjonen til ein lekam er direkte proporsjonal til, og same retninga, som nettokrafta som verkar på lekamen og omvendt proporsjonal til massen til lekamen. Det vil sei at F = ma, der F er nettokrafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.
3. Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.

Dei tre lovene vart først nedskriven av Isaac Newton i hans Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica (Matematiske prinsipp i naturfilosofien), som først vart publisert i 1687.

Den newtonske mekanikken er i dag erstatta av spesiell relativitet, men er framleis nyttig som ei tilnærming når hastigheitene som er involvert er mykje mindre enn lysfarten. Les meir …