Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 11, 2006

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Spring til navigation Spring til søgning
Raude blodlekamar frå eit menneske

Raude blodlekamar er den viktigaste reidskapen for oksygentransport i blodet hos virveldyra. Raude blodlekamar er mest hemoglobin. Det er eit molekyl satt saman av heme-gruppar, desse inneheld jarn som bind til seg oksygen i lunger eller gjeller og slepp det laus andre stader i kroppen. Ein blodlekam inneheld om lag 270 millionar hemoglobinmolekylar. Ein typisk raud blodlekam er 6–8 µm. Dei er altså mykje mindre enn dei fleste cellene i lekamen.

Eit vakse menneske har om lag 2–3 × 1013 raude blodlekamar. Milten verkar som eit lager for raude blodlekamar, men ikkje i like stor grad hjå menneske som hjå andre dyr.

Nederlendaren Jan Swammerdam var den fyrste som skildra ein raud blodlekam. Det var i 1658 og han nytta eit tidleg mikroskop.