Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 12, 2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Frans Josefs land

Frans Josefs land (russisk Земля Ифранца-Иосфифа, Zemlja Frantsa-Iosifa) er ei øygruppe nord i Russland. Ho ligg heilt nord i Barentshavet, nord for Novaja Zemlja og aust for Svalbard, og vert administrert av Arkhangelsk oblast. Frans Josefs land består av 191 isdekte øyar og er stort sett ikkje busette. Dei ligg på breiddegrader mellom 80,0° og 81,9° nord, og er den nordlegaste øygruppa i Eurasia. Det nordlegaste punktet er Kapp FligelyRudolføya. Øygruppa er berre 900 til 1100 km frå Nordpolen, nærare enn all anna landmasse bortsett frå Ellesmereøya i Canada og Grønland.

Øygruppa vart kanskje først oppdaga av den norske selfangarane Nils Fredrik Rønnbeck og Aidijärvi om bord på skonnerten «Spidsbergen» i 1865, som i følgje eit fåtal rapportar segla austover frå Svalbard til dei nådde nytt land, som dei kalla Nordøst-Spitsbergen (Spitsbergen var det dåverande namnet på heile Svalbard). Det er ikkje kjend om dei gjekk i land, og dei nye øyane gjekk raskt i gløymeboka. Øyane vart offisielt oppdaga i 1873 av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen leia av polfararane Payer og Weyprecht. dei kalla øygruppa opp etter den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I. Sidan ekspedisjonen berre var privat dekt og ikkje offisiell, vart desse øyane aldri ein del av Austerrike. I 1926 tok Sovjetunionen over øyane og eit par personar vart busett her for forskings- og militærføremål. Det er berre mogeleg å vitje øyane med skip om sommaren og dette krev spesialløyve. Les meir …