Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 13, 2012

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Heavy Metal symbol

Heavy metal er ein sjanger innan rocken som utvikla seg seint på 1960- og 1970-talet, stort sett i England og USA. Med røter i bluesrock og psykedelisk rock utvikla dei første heavy metal-banda ein tjukk, og massiv lyd med forsterka og forvrengd gitar, lange gitarsoloar og kraftig rytme. Heavy metal vert ofte rekna som den mest ekstreme i form av lydstyrke, manndom og teatralske opptrede.

Tidlege heavy metal-band som Led Zeppelin, Black Sabbath og Deep Purple trekte til seg store publikum, men fekk ofte dårleg kritikk, noko som ofte har gått igjen i sjangeren opp gjennom åra. På midten av 1970-talet fjerna Judas Priest seg frå blues-innverknaden i musikken og var med på å ta sjangeren vidare. Motörhead innførte ei punkrockkjensle med raskare tempo i musikken. Mot slutten av tiåret hadde heavy metal-sjangeren vorte populær verda over med tilhengarar som vart kalla «metalheads» eller «headbangarar». Les meir …