Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 14, 2012

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Krossfestinga, 1800-tals oljemaleri frå Chapel Nosso Senhor dos Passos , Porto Alegre, Brasil

Jesu sju ord på krossen er i kristen tradisjon ei samansetjing av sju utsegner som Jesus i følgje evangelietekstane i Det nye testamentet sa medan han hang på krossen.

Orda står ikkje i samanheng i evangelietekstane, og dei er henta frå alle dei fire evangelia. Matteusevangeliet har ei utsegn frå krossen, den same er med i Markusevangeliet. Lukasevangeliet har tre andre ytringar, og Johannesevangeliet atter tre andre. Orda har vore ein inspirasjon for mange meditasjonar og preiker for langfredagen. Det har òg vore skrive salmar og komponert musikkverk over dei sju orda. Les meir …