Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 16, 2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Claudio Monteverdi

Claudio Monteverdi (1567–1643) var ein italiensk komponist, gambist og songar og er rekna som ein av dei største musikarane innan den eldre barokken. Han fekk særs stor innverknad over utviklinga av opera og det tonale tonespråket, men etter han døydde vart han stort sett gløymd. Han fekk ny merksemd då verka hans vart gjenoppdaga og gjevne ut på 1900-talet.

Etter at Jacopo Peri skreiv dei aller første forsøka på det ein i dag kan kalle opera, var Monteverdi raskt ute med meir utvikla verk og han skreiv den eldste operaen som framleis jamleg vert oppført, L'Orfeo. Han var den første viktige operakomponisten og førte sjangeren fram til sitt tidlegaste høgdepunkt. Men musikken hans var òg omstridd og vart angripen av representantar for den gamle renessansestilen. Dei første åtte samlingane til Monteverdi med madrigalar viser kva viktige skritt han tok frå den polyfone forma i renessansen til den monodiske forma i barokken. Den åttande madrigalboka med Madrigali guerrieri et amorosi («Madrigalar om krig og kjærleik») vert ofte halden fram som det ypparste innan denne musikkforma. Les meir …