Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 19, 2006

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Spring til navigation Spring til søgning
Kalkomnen ved Odda Smelteverk.

Odda er ein kommune i Hordaland fylke. Administrasjonsstad og sentrum i Odda kommune er byen Odda, som ligg inst i Sørfjorden i Hardanger. Kjende tettstader i Odda kommune er mellom anna Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Odda er kjend som ein viktig stad for turisme, med fossar som Låtefossen og mykje natur. Hardangervidda og Folgefonna er naturområde ikkje langt frå Odda sentrum. Keisar Wilhelm II av Tyskland var årviss gjest frå 1889 til 1914.

Odda er òg kjend som ein industrikommune, med føretak som Odda Smelteverk og Boliden Odda AS (Norzink). Våren 2003 gjekk smelteverket konkurs, og kommunen er inne i ei omstillingsperiode. Mange forfattarar kjem frå Odda. Mellom anna Frode Grytten tek utganspunkt i livet i Odda i forteljingane sine. Les meir...