Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 26, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Europaveg 6 ved Oppdal

Europaveg 6 (E 6) er ein norsk stamveg som går mellom Svinesund og Kirkenes. E 6 er den desidert lengste vegstrekninga i Noreg med til saman 2 627,9 km gjennom ti av 19 fylke.

Namnet E 6 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Roma - Berlin - Oslo - Stjørdalshalsen. Lenger nord hadde vegen for dårlig standard, mellom anna fanst det strekningar med grusveg. Før 1965 var vegen i Noreg skilta med riksveg 1 sør for Oslo og riksveg 50 nord for Oslo. I 1969 vart E 6 forlenga til Nordkjosbotn og i 1983 til Kirkenes. Først i 1986 fekk den siste delen av vegen i Finnmark fast dekke. Les meir …