Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 28, 2012
Udseende
Bob Dylan (fødd 1941) er ein amerikansk låtskrivar, musikar og kunstmålar som har vore ein av dei viktigaste personane i popverda i over fem tiår. Dei mest kjende og viktigaste songane hans er frå 1960-åra då han starta som ein motvillig frontmann for samfunnsuroa. Fleire av songane hans, som «Blowin' in the Wind» og «The Times They Are a-Changin'» vart temasongar for både amerikanske borgarrettsrørsler og krigsmotstand (særleg mot Vietnamkrigen).
Han har fått mange prisar gjennom åra, som Grammy, Golden Globe og Oscar. Juryen for Pulitzerprisen i 2008 gav han ein spesialpris for det dei kalla den inngåande påverknaden hans på popmusikken og amerikansk kultur ved «lyriske komposisjonar med usedvanlig poetisk kraft». Les meir …