Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 29, 2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Georg Hólm under ei framføring av spor nummer åtte frå ( )

( ) er det tredje studioalbumet åt det islandske post rock-bandet Sigur Rós. Albumet innheld åtte spor, alle utan namn. Ein kan dele albumet inn i to halvdelar med fire songar i kvar halvdel. Dei to halvdelane er skilde av 36 sekund stille. Alle tekstane er sungne på språket «vonlenska», der orda ikkje har noka tyding.

Albumtittelen er samansett av to parentesar som anten representerer dei to halvdelane av albumet eller at albumet ikkje har nokon tittel slik at lyttaren sjølv kan finne seg ein. Den fyrste halvdelen av albumet er musikalsk lystig og optimistisk, med meir vekt på tangentar enn gitar og sampling av stemma åt vokalisten Jónsi. Den andre halvdelen er meir melankolisk og spelar i fylgje Jónsi med kjenslene åt lyttaren. Les meir …