Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 31, 2009

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Havbølgje.

Havbølgjer er overflatebølgjer som oppstår i det øvre vasslaget i havet eller sjøen. Dei oppstår som regel på grunn av vind eller geologiske effektar, og kan forplante seg tusenvis av kilometer før dei treff land. Storleiken varierer frå små krusingar til enorme tsunamiar. Det er overraskande lite rørsle framover av sjølve vasspartiklane i ei bølgje, sjølv om bølgjene har store mengder energi og rørslemengd som kan føre dei framover.

Både i teori og i røynda har ikkje alle bølgjene i same bølgjefelt den same høgda. Dei fell inn i eit systematisk mønster med varierande storleik. I vêrvarsel og for vitskaplege analysar av bølgjer, vert storleiken av dei uttrykt som «signifikant bølgjehøgd». Denne høgda er gjennomsnittet av den høgaste tredjedelen av bølgjene målt over ein tidsperiode (vanlegvis 10 minutt). Les meir …