Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 32, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Humle

Humler er eit insekt, ei gruppe årevengjer. Gruppa tilhøyrer biene, og er plassert i familien Apidae. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, og vengjer som verkar små i forhold til kroppen. Det er over 250 ulike humleartar i verda, 34 i Norge. Fleire av artene er såkalla «gaukehumler» og lever som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene.

Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lar seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet.

Berre hohumler (dronningar og arbeidarar) har ein giftig stikkebrodd, som er «omdanna» frå eggleggingsrøret. Brodden er glatt, utan mothakar, difor kan same humla stikke fleire gonger i motsetnad til honningbiene, som har mothakar, sånn at dei berre kan stikke éin gong. Humlestikket opplevast som ei brennande smerte. Stikket er ikkje farleg med mindre ein reagerer allergisk. Humlene stikk berre når dei dei føler seg direkte trua og humlestikk er difor langt sjeldnare enn vepse- og bistikk. Les meir …