Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 34, 2020
Gaza er ein by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt. Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter at Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.
Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredeleg stad, og hamna blømde. I år 635 vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen, og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rettslære. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I dei påfølgjande hundreåra sleit Gaza med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar. På 1500-talet var byen redusert til ein landsby, og vart ein del av Det osmanske riket. Gaza fall til britiske styrkar under fyrste verdskrigen, og vart ein del av Palestinamandatet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, administrerte Egypt den nydanna Gazastripa og gjorde fleire utbetringar i byen. Gaza vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, men i 1993 vart byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta. Les meir …