Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 39, 2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Spring til navigation Spring til søgning
Hamna i Vladivostok

Vladivostok er ein by ved Japanhavet som ligg lengst søraust i Russland, rundt 6500 km aust for Moskva og berre 100 km frå grensa til Kina. Namnet kan omsetjast med 'herskar av Austen'. Vladivostok er den største hamnebyen i landet ved Stillehavet, og den russiske Stillehavsflåten har hovudbasen sin her. Jernbanestasjonen i byen er endestasjon for den transsibirske jernbanen.

Den russiske flåten av fiskefartøy og kjøleskip i Stillehavet er baserte i Vladivostok, og fiskeria står for nesten fire femtedelar av den kommersielle produksjonen i byen. Vladivostok har òg ein stor næringsmiddelindustri. I bukta Zolotoj Rog ligg hamna i byen, med skipsverft og fiskeforedlingsindustri. Hamna representerer det sentrale omlastingspunktet mellom den transsibirske jernbanen og skipsfarten på Stillehavet. Les meir …