Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 41, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Noun portal 170406.svg

Portal er eit plattform-hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Valve. Det var først utgjeve som del av samlepakken The Orange Box til Windows, Xbox 360 og PlayStation 3 og seinare til andre plattformer.

Spelet finn stad i forskingsanlegget Aperture Science Enrichment Center og består hovudsakleg av ein serie av testkammer med problem som spelaren må løysa gjennom å laga portalar. Spelefiguren Chell bruker den tildelte pistolen «Aperture Science Handheld Portal Device» til å laga inter-spatiale portalar mellom to flate plan. Ho blir leidd gjennom testkammera av den kunstige intelligensen GLaDOS, som utfordrar og hånar Chell, og lover henne kake på slutten. Fysikken i spelet lèt kinetisk energi bevarast gjennom to portalar, og krev kreativ bruk av portalane for å manøvrera gjennom testkammera. Spelet er ein spirituell oppfølgjar til Narbacular Drop, som var utvikla av studentar ved DigiPen Institute of Technology i Redmond i Washington og som seinare vart hyra av Valve for å utvikla Portal.

Portal fekk hyllest som eit av dei mest originale spela i 2007, trass kritikk for den korte lengda og avgrensa historia. Kritikarar roste originaliteten, dei unike spelemekanikkane og den dystre historia med humoristisk dialog. GLaDOS, gjeve stemme av Ellen McLain i den engelske utgåva, fekk hyllester for si unike karakterisering, og rulletekstsongen «Still Alive», skriven av Jonathan Coulton, var prisa for den originale komposisjonen og humoristiske vrien. Portal vann fleire prisar og er ofte rekna som eit av dei viktigaste dataspela frå 2000-åra. Les meir …