Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 46, 2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Fedje kyrkje

Fedje kyrkje er ei langkyrkje frå 1941 i Fedje kommune i Hordaland. Kyrkja er teikna av arkitekt Ole Halvorsen. Ho er bygd i murstein, som høver betre enn tremateriale for det barske havklimaet på Fedje. Taket består av Alta-skifer og tårnet er tekt med kopar.

Kyrkja på Fedje frå 1888 var raskt vorten for lita, og alt i 1918 byrja ein å planlegge finansieringa av ei ny og større kyrkje. Dette året vart det lagt ut lister der folk kunne skrive seg opp og gje gåver for å finansiere bygginga. I 1939 vart den gamle kyrkja riven. Starten av den andre verdskrigen gjorde byggeprossesen vanskeleg. Det kom påbod og forbod i tur og orden, i tillegg til rasjoneringar på byggmateriale. Det tok derfor tid å skaffe inn materiale og få dei løyva ein trong av tyskarane for å få kyrkja ferdig. Mellom anna nekta den tyske okkupasjonsmakta å tekke tårnet med kopar, men det ordna seg til slutt. I 1941 stod kyrkja ferdig og 7. september 1941 vart ho vigsla av biskop Andreas Fleischer. Les meir …