Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 47, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Judit Polgar Foto: Gennadiy Titkov

Judit Polgár (1976 - ) er ein ungarsk stormeister i sjakk. Ho er med god margin den sterkaste kvinnelege sjakkspelaren gjennom tidene. I 1991 klarte ho krava til tittelen Internasjonal stormeister i ein alder av berre 15 år og 4 månader. Judit Polgár var den til då yngste spelaren som hadde klart krava til stormeistertittelen. Ho slo rekorden til Bobby Fischer frå 1958. Judit Polgár er den einaste kvinna på FIDE si liste over topp 100, og har vore rangert så høgt som nummer 8 i verda på FIDE si ratingliste. Polgar er kjend for å ha ein agressiv spelestil, og spelar gjerne den skarpe sjakkopninga Siciliansk forsvar.

Judit Polgár er jødisk og medlemmar av hennar familie vart drepne i Holocaust. Les meir…