Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 49, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
. Skulebarn i tradisjonelle inuittiske klede held grønlandske flagg på første skuledag

Inuittisk kultur omfattar historiske og noverande kulturuttrykk til inuittar, ei urfolksgruppe frå arktiske og subarktiske delar av Nord-Amerika, i Alaska, Canada og Grønland.

Den tradisjonelle livsstilen til inuittane er tilpassa ekstreme klimatiske forhold. Dei grunnleggjande ferdigheitene deira for å overleva er jakt og fangst, i tillegg til å kunna laga klede og utstyr av pels og bein. Dei brukte harpunar og pil og boge for å ta ned dyr i alle storleikar. Heile dyret blei brukt til mat og materiale for klede og utstyr. Kolonisering og modernisering har hatt stor påverknad på kulturen, til dømes er alle inuittar blitt bufaste medan fleire før var nomadiske. I nyare tid er han også blitt truga av klimaendringar. Les meir …