Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 5, 2007

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Spring til navigation Spring til søgning
Myllarguten

Torgeir Augundsson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, var ein segngjeten spelemann frå Sauherad i Telemark. Han var son av Augund Torgeirsson frå Rinde i Sauherad, og kona hans, Gunhild Sigurdsdotter. Faren var husmann, og flytte noko ikring på plassane i Sauherad medan Targjei var gut. Augund var møllar, og borna hans vart kalla «Møllarungein», og Targjei vart heitande «Møllarongen» eller «Myllarguten» i øvre Telemark. Under dette namnet vart han vidgjeten.

Myllarguten var snøgg til å støype ihop gamle former til nye, snar til å byggje ut store slåttar av små. Han har ord på seg for å ha støypt om telemarksspelet til det det er i dag. Les meir…