Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 5, 2012

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Hinduisk mantra på sanskrit skriven med devanagariskrift.

Dei indoariske språka er ei undergruppe av dei indoiranske språka (og dermed av dei indoeuropeiske språka) og blir snakka av om lag ein milliard menneske i Nord-India, i Pakistan, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og på Maldivane. Blant dei viktigaste indoariske språka er hindi, urdu, bengali og det klassiske språket sanskrit.

Dei indoariske språka er ikkje i slekt med dei dravidiske språka, som blir talte i sørlege India, men gjennom langvarig språkkontakt har dei utvikla mange fellestrekk. På grunn av mange folkevandringar og den gjensidige språkkontakta i området, har det bode på problem å setje skilje mellom dei einskilde språka og dialektane.

Dei indoariske språka er i stor grad analytiske. Den grunnleggjande ordrekkefølgja i alle språka er subjekt–objekt–verb. Det mest karakteristiske draget fonologisk sett er det store talet plosivar. Fleire av dagens indoariske språk nyttar ei rekkje ord som er lånt inn direkte frå sanskrit. Les meir …