Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 7, 2024

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Illustrasjon av Stefan-Boltzmann-lova

Stefan–Boltzmann-lova seier at den totale energien som vert strålt ut frå ein svartlekam per areal, j*, er direkte proporsjonal til fjerdepotensen av den termodynamiske temperaturen T (òg kalla absolutt temperatur) til svartlekamen. Eit meir generelt tilfelle er ein grå lekam, ein som ikkje fullstendig absorberer eller emitterer heile strålingsfluksen. I staden for vert det stråla ut delar av fluksen, styrt av emissiviteten, .

Lova vart utleia av Josef Stefan i 1877 basert på målingar gjort av John Tyndall. Dei teoretiske omsyna vart ved hjelp av termodynamikken utleidd av Ludwig Boltzmann i 1884, med utgangspunkt i arbeidet til Adolfo Bartoli. Boltzmann såg på ein viss ideell varmemaskin med lys som materie i staden for gass. Lova gjeld berre for ideelle svartlekamar, som er perfekte strålingslekamar. Les meir …