Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 9, 2020

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Inga frå Varteig på våpenet til Varteig kommune

Inga frå Varteig (1185–1234) var ei norsk kvinne kjend som mor til Håkon Håkonsson, som ho fekk med kong Håkon Sverresson. Inga var ikkje gift med kongen, men bar jernbyrd for å prova at sonen var av kongeleg ætt. Dette fann ifølgje overleveringa stad i 1218, og er det einaste ein veit rimeleg sikkert om henne.

Inga Ingedotter var truleg frå Varteig i nærleiken av Sarpsborg. Truleg høyrde ho til ei god bondeslekt i Østfold. Det vart sagt av ho var svært vakker. Under eit opphald hjå frenden sin, Audun, vart ho kjend med Håkon Sverresson. Kjennskapen vart intim, og ho vart seinare gravid med barnet som skulle verte den store kongen av Noreg, Håkon Håkonsson. Inga fekk ei sentral rolle i skodespelet Kongs-Emnerne av Henrik Ibsen. Les meir …